Emner: INF285 Genomikk og transkriptomikk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Engelsk (eller norsk hvis mogleg og ønskjeleg)

Undervisningssemester

Haust.

Mål og innhald

Kurset dekkjer grunnleggjande genomikk og transkriptomikk analyse. Dette inkluderer genom-vide analyser (genprediksjon, regulatoriske element, prediksjon av ikkje-kodande RNAer, neste-generasjons sekvensering og analyse, ChIP-sekvensering og analyse og transkriptom-vide analyser, (analyse av genuttrykk, analyse av uttrykk for ikkje-kodande RNA, prediksjon av mål for microRNA.

Læringsutbyte

Ved slutten av kurset skal studenten vere i stand til å
- forklare grunnleggjande statistikk som er relevant i genomikk og transkriptomikk studiar
- gjennomgå anvendingar og metodar for sekvenserings tilnærmingsmåtar i genomikk, transkriptomikk og proteomikk
- implementere genomikk og transkriptomikk analyse ¿pipeline¿

Krav til forkunnskapar

INF281 Innføring i bioinformatisk sekvensanalyse

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må vere istand til å implementere grunnleggjande algoritmar i eit programmeringsspråk som dei veljar sjølv, og dei må vere erfaren med eit kommando-line Unix-aktig miljø. Ein basal forståing for algoritmar og deiras effektivitet er eit krav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgaver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige to semester, det semesteret aktiviteten foregår samt det påfølgjande.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom det er fleire enn 20 studentar kan det bli skriftleg eksamen. Obligatoriske arbeidskrav inngår i vurderingsgrunnlaget for eksamen.

Enkel kalkulator er tillatt som hjelpemiddel under skriftleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

INF282: 5 stp

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.