Emner: INFO283 Grunnleggande algoritmar i kunstig intelligens - Høst 2017
Studiepoeng
5.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet skal gje det teoretiske og praktiske grunnlaget for å kunne unytte søke- problemløysingsalgoritmar innan kunstig intelligens i utvikling av ulike typar informasjonssystem og programvare.
Emnet tar opp ulike tema som heuristiske søkealgoritmar, optimaliseringsalgoritmar for kunstig intelligens, søk i spel og kravoppfyllingsproblem.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:- Teoretisk kunnskap om algoritmar for søk og problemløysing i intelligente datasystem.
- Vere i stand til å utnytte slike algoritmar til bruk i informasjonssystem, dataspel, og anna relevant programvare.
- Ha ei godt forståing korleis ein brukar søke-algoritmar i kunstig intelligens og slik eit grunnlag for vidare studium innan kunstig intelligens-feltet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INFO102, INFO132 eller tilsvarande
Krav til studierett
Ope for studentar med studierett ved UiB
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Forelesingar, programmeringslab, 8-10 forelesingar a to timar, inntil 8 labøvingar a 2 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei eller fleire oppgåver som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
Obligatorisk oppmøte på lab.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Skriftleg eksamen, 3timar
Karakterskala
Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F
Fagleg overlapp
Ingen
Vurderingssemester
Haust/vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studieveileder@info.uib.no
Tlf 55 58 90 00
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap