Emner: ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

 

Undervisningssemester

Haust

 

 

 

Undervisningsstad

Bergen.

 

 

Mål og innhald

Studiet skal gje studentane god kjennskap til moderne islandsk grammatikk, fonetikk og fonologi. Studentane skal i nokon grad kunne lese og forstå islandsk tekst gjennom tekstlesing og omsetjing av tekstar av normal vanskegrad. Det vert lagt vekt på at studentane løyser oppgåver gjennom heile semesteret og får tilbakemelding på oppgåvesvara.

Emnet kan inngå på nordisk 200-nivå - spesialisering i nordisk språk og litteratur.

Læringsutbyte

Studentane skal i slutten av semesteret kunne skildre enkelte delar av det grammatiske systemet i islandsk og samanhengen mellom dei, og gje ein grammatisk analyse av ord i tekst. Studentane skal òg kunne bruke den grammatiske kunnskapen til å løyse oppgåver på ein tilfredsstillande måte, lese islandsk med nokolunde riktig uttale og omsetje islandske tekstar av normal vanskegrad.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

 

 

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon

 

Studiepoengsreduksjon

ISL101 og ISL103 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av innlegg frå læraren og løysing av oppgåver i timen og heime. Undervisningsomfanget er 52 timar (tilsvarande to dobbeltimar i veka).

 Det er venta at studentane er til stades på undervisninga,

og dette ligg til grunn når ein organiserer undervisninga og lagar

eksamensoppgåver.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

 

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere inn og få godkjent åtte av ti heimeoppgåver for å kunne ta eksamen.

 

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 6 timar.

Det er høve til å bruke desse ordbøkene under eksamen:

Árni Böðvarsson: Íslensk orðabók fyrir skóla og skrifstofur. Mál og menning, og Ivar Orgland og Frederik Raastad: Islandsk-norsk ordbok.

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum består av ei lærebok og eit kompendium med eit utval av islandske tekster og oppgåver.

I semesteret får studentane låne islandsk-islandsk ordbok av instituttet: Árni Böðvarsson: Íslensk orðabók fyrir skóla og skrifstofur. Mál og menning. Studenten kan bruke desse ordbøkene på den skriftlege prøva. I tillegg vil studenten ha tilgang til islandsk-norsk ordbok på nettet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no