Emner: JAP100 Japansk historie, samfunn og språk - Høst 2017
Studiepoeng
10.0
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studiet gir ein basiskunnskapar i japansk historie og samfunn, og innsikt i Japans rolle i Øst-Asia. Ein vil òg få kunnskapar om det japanske skriftsystemet, og praktisk dugleik i å lese og skrive dei to stavingsalfabeta.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskap Kandidaten - har breie realiakunnskapar om Japan.
Dugleik Kandidaten - har tileigna seg dei to stavingssystema i japansk.
Generell kompetanse - har innsikt i viktige sider ved japansk historie og samfunnsforhold.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Det er fagleg overlapp med emnet ASIA100 (10 stp.)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar, 2 timar i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av ei skriftleg oppgåve på cirka 1500 ord om japansk historie og samfunn. Oppgåva må vere godkjent for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i eitt semester ut over undervisingssemesteret.
Vurderingsformer
To timar skriftleg eksamen, som vert arrangert kvart semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
800-1000 sider pensum som omfattar japansk samfunn, historie, religionar, filosofi, språk og kultur. Pensum inneheld òg ei innføringsbok i dei japanske stavingssystema.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.