Emner: JUS124 Tingsrett - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Rettsdisiplinen tingsrett gjeld råderetten over fysiske ting, det vil seia fast eigedom og lausøyre, i kraft av eigedomsrett og avgrensa rettar til fysiske ting (fast eigedom og lausøyre). Råderetten over fysiske ting kan vera avgrensa av offentlegrettslege reglar og privatrettslege reglar som avgrensar eigaren sin råderett, særleg i høve til allemannsrett og granneeigedom. Internasjonale reglar, under dette Den europeiske menneskerettserklæringa (EMK) set skrankar for lovgivar, domstol og forvaltning. Miljørettslege prinsipp som prinsippet om berekraftig utvikling eller om bruk av best mogeleg teknologi, vil også kunne påverka innhaldet i private rettar til ting.

Eigedomsretten til fysiske ting omfattar all utnytting som ikkje er i strid med lovgjevinga eller med ulovfesta reglar eller rettsprinsipp, eller kolliderer med serlege rettar som andre enn eigaren har til tingen. Det rådveldet eigedomsretten gjev, kan vera delt mellom fleire rettshavarar, ved at nokon har bruksrett eller ein særleg råderett (servitutt) til ein eigedom som tilhøyrer andre. Rettshøvet mellom rettshavaren og eigaren i slike tilhøve er eit sentralt spørsmål i faget. Det same gjeldt tilfelle der eigedomsretten er delt mellom fleire personar som dermed er sameigarar til tingen. Sameigarane sine rettar overfor kvarandre er også ein viktig del av faget.

Faget tingsrett på 2. studieår omfattar vidare dei mest sentrale privatrettslege reglane om innhald og rekkjevidda av retten til tinga. Ein tek opp eigedomsrettsomgrepet, reglane om avgrensing og identifisering av ting som rettsobjekt, herunder grensene for fast eigedom mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett og mot andre faste eigedomar og hovudpunkta i reglane om registrering av fast eigedom og lausøyre.

Einskilde stiftingsmåtar for retten til ting, må også takst opp i tingsretten. Stifting av rettar til ting ved kontrakt blir ikkje teke opp så langt det gjeld spørsmålet om når partane får plikter overfor kvarandre og sjølve oppfyllinga av kontrakten. Dei meir særskilte stiftingsmåtane for rettar til ting som hevd eller alders tids bruk, okkupasjon, produksjon eller samanblanding av ting er det derimot mest naturleg å ta opp i tingsretten. Det same gjeld jordskifte og lokale sedvanar som rettsgrunnlag.

 

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten har kunnskap og forståing av grunnleggande reglar som gjeld råderetten over fysiske ting, det vil seia fast eigedom og lausøyre, i kraft av eigedomsrett og avgrensa rettar til fysiske ting (fast eigedom og lausøyre). Studenten har kunnskap og forståing for korleis eigedomsretten må avgrensast i høve til offentleg rettslege reglar og andre private rettar. Dette inneber kunnskap om:

FERDIGHETER

Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar (under dette sedvane) i tingsretten for å lage sjølvstendige drøftingar. Dette inneber:

 

GENERELL KOMPETANSE

Gjennom studieprogrammet oppnår studenten generelt kompetanse til å:

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og grupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

Ordgrensen for arbeidsgruppeoppgaver er 1500 ord. Grensen er absolutt.

3. I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve svarast på og leverast inn. Tidsramma vert gjort kjend i kurset. Oppgåvesvaret skal være innanfor ei på førehand fastsett ordgrense, og den må være godkjend før studenten kan avlegge avsluttande eksamen.

4. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.

5. Kursgodkjenning vert ikkje forelda. 

 

 

Vurderingsformer

Etter kurset avlegges 6 timers digital skoleeksamen. Informasjon om digital eksamen finner du her: http://www.uib.no/utdanning/86719/digital-eksamen#.

 

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

 

Tillatte hjelpemidler til eksamen

- Se § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen: http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergenhttp://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen

 

Særregler om ordbøker

Karakterskala

Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A til E for bestått og F for ikke bestått.

Litteraturliste

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: Professor Ingunn Elise Myklebust

Administrativt ansvarlig: 2.studiear@jurfa.uib.no