Emner: KJEM100 Kjemi i naturen - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: gul)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gi studentar med svak kjemibakgrunn frå vidaregåande skule ein basis for vidare studium i kjemi eller andre realfag. Forståing av korleis naturen og livet er bygd opp av kjemiske sambindingar er sentral i naturvitskaplege fag. Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff. Av tema som kan inngå nemnast: Atom og molekyl, periodesystemet, støkiometri (mol, konsentrasjon, gasstrykk), reaksjonstypar, kjemisk jamvekt, enkel varmelære, uorganisk kjemi (metallkompleks), organisk kjemi (typar av sambindingar, namnsetjing, funksjonelle grupper). Deler av pensumet kan bli illustrert med praktiske demonstrasjonsforsøk.

 

 

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM100 skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT101, kan lesast parallelt.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innleveringsoppgåver (gyldige i 6 påfølgande semester).

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på midtsemestervurdering (30%), og skriftleg slutteksamen (4t) (70%).
Utfyllande eksamensreglar:
1. Obligatorisk innlevering er gyldig i 6 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester kan
Enten
i. Etter skriftleg melding til instituttet innan fristen for eksamensoppmelding, delta i mappeevalueringa, og må då gjennomføre alle delane av mappeevalueringa inneverande semester
Eller
ii. Berre avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.
4. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering kan ta avsluttande eksamen, som då utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare kan ikkje avlegge eksamen.

Tillatne hjelpemiddel på eksamen: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.


 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

 

Fagleg overlapp

K101: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.