Emner: KJEM120 Grunnstoffenes kjemi - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: blå)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar og korleis dei er plassert i Det

periodiske system. Typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske

sambindingar er vektlagt. Vidare inngår oppbygging og eigenskapar til sambindingane, mellom anna bindingsforhold mellom atom samt struktur av molekyl, metall, salt og mineral. I emnet inngår rolla uorganiske sambindingar har i miljø og industri samt metalliona si naturlege rolle i biologiske system.

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM120 skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

KJEM110

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i minst 8 kollokvium. Skriftlege svar på utvalde kollokvieoppgåver (vil bli vurdert bestått/ikke bestått). Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.


 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K102: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.