Emner: KJEM221 Grunnleggende kvantemekanikk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust (gul frå og med haust 2016).

KJEM221 bytter undervisningssemester frå vår til haust frå og med hausten 2016. Det vert no undervist kvar haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Med utgangspunkt i nokre få aksiom gir emnet ei systematisk innføring i grunnleggjande kvantemekanikk. Presentasjonen nyttar i stor grad språk og omgrep henta frå lineær algebra. Deretter blir det gitt ein gjennomgang av ei rad enkle modellsystem for å vise korleis desse kan skildrast ved hjelp av kvantemekanikk og for at studentane skal gjere seg kjent med kvantemekaniske fenomen, dvs. fenomen som ikkje har motstykke i klassisk mekanikk. Den kvantemekaniske teorien for vinkelmoment blir presentert, inkludert kopling av vinkelmoment frå to kjelder. Studentane tileigner seg ulike matematiske teknikkar for å finne tilnærma løysingar for kvantemekaniske system. Mange molekyl er i større eller mindre grad symmetriske, og til slutt i emnet lærer studentane å utnytte denne symmetrien ved løysing av kvantemekaniske problem.

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM221 skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT121

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Midtveiseksamen og/eller innleverte arbeider kan gjelde inntil 25% av endeleg karakter. Dersom det er få deltakarar på kurset kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel ved avsluttande eksamen: Matematisk formelsamling, enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat.

 

 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

PHYS201: 10stp, K221: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.