Emner: KJEM231 Videregående organisk kjemi - Vår 2017




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar organiske reaskjonar og mekanismer utover det som har blitt gjennomgått i KJEM130 eller tilsvarande kurs. Reaksjonane blir diskuterte og systematiserte ut frå eigenskapane til dei funksjonelle gruppene, med bindingstilhøve og konformasjonelle forhold som utgangspunkt. Det blir serleg lagt vekt på stereokjemiske aspekt ved reaksjonane. Vidare blir det diskutert korleis dei kjemiske reaksjonane kan nyttast til å lage organiske sambindingar med fleire funksjonelle grupper; dette blir illustrert med døme frå kjemisk og farmasøytisk industri. Det vil også bli gitt eit oversyn over viktige stoff som finst i naturen eller som blir brukte til ulike formål i samfunnet. Relevante miljøproblem knytt til grupper av organiske sambindingar vil også bli omtala.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM231 skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM130, KJEM131 eller tilsvarande

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av minst fem oppgåvesett. Minst to av desse må vera innleverte før midtsemesterprøva. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i eitt påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Midtsemesterprøve (10%), prosjektoppgåve (25%) og skriftleg avsluttande eksamen (4t) (65%).

Utfyllande eksamensreglar:

1. Midtsemesterprøve er gyldig i eitt påfølgjande semester og prosjektoppgåve er gyldig i fire påfølgjande semester.
2. I semester med undervisning:
a) Studentar med godkjend prosjektoppgåve frå tidlegare må delta på nytt i obligatoriske aktivitetar (innlevering av minst fem oppgåvesett) og ta midtsemesterprøve på nytt for å kunne avlegge skriftleg avsluttande eksamen. Midtsemesterprøve (10%), prosjektoppgåve frå tidlegare (25%) og skriftleg avsluttande eksamen (65%) utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend prosjektoppgåve frå tidlegare må delta i obligatoriske aktivitetar (innlevering av minst fem oppgåvesett) og delta i heile mappeevalueringa (Midtsemesterprøve (10%), prosjektoppgåve (25%) og skriftleg avsluttande eksamen (4t) (65%)).
3. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend godkjent obligatoriske aktiviteter frå semesteret før, godkjent midtsemesterprøve frå semesteret før og godkjent prosjektoppgåve frå tidlegare, kan berre gå opp til skriftleg avsluttande eksamen. Midtsemesterprøve frå tidlegare (10%), prosjektoppgåve frå tidlegare (25%) og skriftleg avsluttande eksamen (65%) utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjende obligatoriske aktivitetar, midtsemesterprøve og prosjektoppgåve frå tidlegare semester, kan ikkje ta skriftleg avsluttande eksamen.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Molekylbyggesett.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

 

 

 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K231: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.