Emnet er ein praktisk og teoretisk innføring i forskingsarbeid og akademisk kultur. Tema for kurset er litteratursøk og referansesystem, digitale verktøy og elektronisk bruk av bilete, kunstvitskaplege metodar og framstillingsformer. Tema for seminaret er aktuelle forskingsfelt for ei mastergradsoppgåve. Her møter studentane vitskapleg tilsette og forskingsmiljø og kulturinstitusjonar som samarbeider med fagmiljøet.
Emnet skal gje studentane ei djupare forståing av forsking generelt og i kunsthistorisk forsking spesielt.
Førelesingar og seminar
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september.
Studenten skal delta på eit kurs og eit seminar. Studenten skal halde eit munnleg innlegg på seminaret om eit sjølvvald emne for ei masteroppgåve og levera ei prosjektoppgåve i skriftleg form i same semester som det munnlege seminaret. Prosjektoppgåva sirklar inn materiale og problemstilling for ei mastergradsoppgåve og gjev eit oversyn over forskingslitteraturen på feltet. Det munnlege innlegget skal ikkje vara lenger enn 30 minutt. Omfanget av prosjektoppgåva er 10 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype. Prosjektoppgåva skal leverast til ein oppgitt frist.
Studenten får rettleiing av ein kontaktperson/mellombels rettleiar som fagkoordinator oppnemnar.
Deltaking på kurset og seminaret er obligatorisk, og vert godkjent med 20 prosent fråvær.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no