Emner: KUVI104 Fortelling og fortolkning fra folkeeventyr til Facebook - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Menneske kommuniserer i stor grad gjennom forteljingar. Studiet av forteljingar si struktur og former eller sjangrar gir dermed eit innblikk i korleis menneske forstår og fortolkar verda rundt seg. Emnet gir ei innføring i kulturvitskaplege teoriar som kan brukas til å forstå korleis vi fortel, korleis vi presenterer oss sjølve gjennom forteljingar og korleis omverda blir fortolka gjennom forteljingar. Det blir gjort gjennom ein introduksjon til ein 200 år lang forskingstradisjon frå brørne Grimms og Asbjørnsen og Moes innsamling av eventyr og segner til studiet av dagens forteljing og sjølvpresentasjon i sosiale medium. Emnet gir både ei innføring i studiet av innhald og form i forteljingar, og korleis forteljingar blir framført i kvardagslivets mange forteljingssituasjonar. Forteljingar blir alltid formidla gjennom eit medium, som stemma, boka, TV og internett. I dette emnet blir det lagt vekt på korleis ulike medium påverkar forteljinga si form, innhald og sosiale betyding.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Emnet gir innsikt i korleis menneske forstår og fortolkar verda gjennom forteljingar. Emnet gir en grunnleggande innføring i forteljingsteori. Det gir kunnskap om både kulturhistoriske og kulturanalytiske forteljingsanalysar, og famnar kunnskapar om f forteljingsstrukturar, sjangrar og framføringsmåtar. Vidare gir studiet grunnleggande innsikt i kva slags posisjon forteljingar har i dagens mediesamfunn.


Ferdigheiter

Emnet dannar eit grunnlag som vil setje studenten i stand til utføre narrative analysar av tekst, tale eller andre forteljande medieuttrykk.


Generell kompetanse

Studentane tileignar seg omgrep og teoretiske perspektiv som er grunnleggande i kulturvitskapen, og som kan brukast nokså allment som reiskap til å forstå kulturelle fenomen i fortid og notid.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

KUVI259

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt gjennom forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera eit utkast til semesteroppgåva. Faglærar gjev tilbakemeldingar på det innleverte utkastet. Frist for innlevering av utkasta vert kunngjort i Mitt UiB.

Vurderingsformer

Eksamen er ei vurdering av ei skriftleg semesteroppgåve på ca. 3000 ord. Frist for innlevering av oppgåva vert kunngjort i Mitt UiB.

Ein føresetnad for å få oppgåva vurdert er at studenten har levert eit utkast.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no