Emner: MAN301 Introduksjon til manusutvikling for serier - Vår 2017




Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei detaljert innføring i dei sentrale komponentane i manushandverket gjennom forelesingar om, og analysar av, generelle manuskonvensjonar og konkrete manuskript.

Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet består av fire modular.

Modul 1: Konseptet, kjernen og drivkrafta i forteljinga:

Denne modulen handlar om å utvikle studenten si evne til å finne og spisse ideen til ein serie. Her lærer studenten òg om tematikk og undertekst.

Modul 2: Dramatisk struktur:

Denne modulen handlar om ulike narrative konvensjonar innan webseriar, miniseriar, episodiske seriar, serialisert fleirsesongdrama og såpeopera. Her lærer studenten om skilnader i dramaturgiske prinsipp og arbeidsmetodar innan ulike serieformat, og meir generelt om skilnadene mellom manusutvikling for serieformat og spelefilm. Studenten skal òg lære om korleis ein praktisk strukturerer manusarbeidet i ulike typar serieproduksjonar. Hovudvekta ligg på fiksjon, men dokumentariske seriar blir også tematiserte.

Modul 3: Element i manusutvikling:

Denne modulen tek for seg fire sentrale, meir avgrensa, komponentar i arbeidet med manus

Sjølv om undervisinga er strukturert rundt ulike tema, vil dei i praksis i stor grad gripe inn i kvarandre, og peike fram mot tema som blir behandla meir inngåande andre semester. Gjennom semesteret følgjer studentane òg ein serie med frukostseminar, der dei kan møte masterstudentar frå dei andre profesjonsorienterte utdanningane MASV-MIX og MASV-JOU. Målet er at dei skal utveksle prosjektidear og utforske moglegheitene for samarbeid. Saman med faglærar legg studentane opp programmet for seminaret, som også vil vere ein arena der studentane saman med faglærarane diskuterer tema og organisering av workshops som går på tvers av dei tre programma.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap og ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i tv-produksjon eller tilsvarande

Krav til studierett

Reservert for studentar ved masterprogrammet i manusutvikling for seriar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Workshop/seminar på om lag 200 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

To deleksamenar:

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskapelege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitenskap