Emnet MED5 har som mål at studenten skal opparbeide grunnleggjande kunnskapar innan dei parakliniske faga patologi, farmakologi, medisinsk biokjemi og radiologi. I tillegg vil det i fagsøylene Sirkulasjon 2 og Respirasjon 2 bli gitt integrert undervisning med anatomi, fysiologi, kardiologi, lungemedisin, kirurgi, allmennmedisin, medisinsk biokjemi, patologi, farmakologi, radiologi og samfunnsmedisin. I fagområda nemnt over er målet at studenten skal opparbeide forståing for patofysiologi, epidemiologiske risikofaktorer, utgreiing, diagnostikk og behandling av mange ulike sjukdommar, og at studenten sjølv skal kunne gjennomføre adekvate undersøkingar og behandlingar.
Emnet MED5 har dessutan som mål at studenten skal opparbeide grunnleggjande kunnskapar innan epidemiologi. Studenten skal i dette semesteret ha to vekers praktisk trening ved ei avdeling på eit sjukehus.
Læringsutbyte; etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:
Ferdigheiter; etter fullført emne skal studenten kunne:
Generell kompetanse; etter fullført emne skal studenten kunne:
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, pasientdemonstrasjonar, TBL, gruppeundervisning med innøving av undersøkingsteknikk og undersøking av pasientar. Ein føreset stor eigenaktivitet frå studentane si side når det gjeld å utøve undersøkingsteknikk på kvarandre.
Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post
Klinisk institutt 2.
I samarbeid med Klinisk institutt 1 og Institutt for global helse og samfunnsmedisin