Emner: MEVI167 Metode og etikk - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med dette emnet er å gi studentane utvida kunnskap om journalistiske metodar og om dei etiske fundamenta i faget. Bruk av kvalitative og kvantitative data, kjeldeanalyse, kjeldekritikk og opphavsrett står sentralt.

Kurset rommar praktiske øvingar, knytt både til arbeid med konkrete presseetiske dilemma og metodisk praktiske øvingar. Ein diskuterer særleg dei utfordringar for ein uavhengig kvalitetsjournalistikk som følgjer av innhaldsmarknadsføring og tilgangen på visuelt materiale der ein ikkje kjenner opphavet. Kurset fokuserer ogandre utfordringar for kvalitetsjournalistikk og yrkesetikk som ulike sider ved internett representerer.

Læringsutbyte

Etter avslutta emne kan kandidaten

 

 

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i journalistikk, film & tv-produksjon og nye medier

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Workshops, seminar og førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på alle workshops og førelesingar, inkludert internt «PFU-møte», er obligatoriske.

Vurderingsformer

Ei refleksjonsoppgåve basert på deltakinga i det interne PFU-møtet. Ein tredagars heimeeksamen mot slutten av semesteret. Dei to arbeida blir vurdert samla med bokstavkarakterar, der kvar del utgjer 50% av samla karakter.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Dersom studenten tidlegare har tatt MEVI163 eller MEVI164 gir emnet MEVI167 berre 10 studiepoeng. Dersom studenten tidlegare har tatt både MEVI163 og MEVI164 gir MEVI167 berre 5 studiepoeng.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærar kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap