Emner: MEVI167 Metode og etikk - Vår 2017
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med dette emnet er å gi studentane utvida kunnskap om journalistiske metodar og om dei etiske fundamenta i faget. Bruk av kvalitative og kvantitative data, kjeldeanalyse, kjeldekritikk og opphavsrett står sentralt.
Kurset rommar praktiske øvingar, knytt både til arbeid med konkrete presseetiske dilemma og metodisk praktiske øvingar. Ein diskuterer særleg dei utfordringar for ein uavhengig kvalitetsjournalistikk som følgjer av innhaldsmarknadsføring og tilgangen på visuelt materiale der ein ikkje kjenner opphavet. Kurset fokuserer og på andre utfordringar for kvalitetsjournalistikk og yrkesetikk som ulike sider ved internett representerer.
Læringsutbyte
Etter avslutta emne kan kandidaten
- reflektera over sentrale yrkesetiske spørsmål i journalistikken
- nytta grunnleggande metodiske verktøy i praktisk journalistikk
- reflektera over sterke og svake sider ved eige og andre sine metodiske val
- gjera greie for viktige opphavsrettslege utfordringar i journalistikken
Tilrådde forkunnskapar
INFOMEVI106
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i journalistikk, film & tv-produksjon og nye medier
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Workshops, seminar og førelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på alle workshops og førelesingar, inkludert internt «PFU-møte», er obligatoriske.
Vurderingsformer
Ei refleksjonsoppgåve basert på deltakinga i det interne PFU-møtet. Ein tredagars heimeeksamen mot slutten av semesteret. Dei to arbeida blir vurdert samla med bokstavkarakterar, der kvar del utgjer 50% av samla karakter.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Fagleg overlapp
Dersom studenten tidlegare har tatt MEVI163 eller MEVI164 gir emnet MEVI167 berre 10 studiepoeng. Dersom studenten tidlegare har tatt både MEVI163 og MEVI164 gir MEVI167 berre 5 studiepoeng.
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærar kvart år
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap