Formålet med emnet er å gje studentane historisk og teoretisk innsikt i tilhøvet mellom retorikk, sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar og å gjere studentane i stand til å analysera døme på retorikk med tanke på korleis sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på og samverke med retorikken sitt innhald, form og funksjon.
MEVI203 handlar om korleis menneske nyttar media og kommunikasjonsteknologiar i deira retorikk og korleis media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på menneska sin retorikk. Vi undersøkjer korleis medieteknologiar har innverknad på uttrykk og innhald i kommunikasjonen og ser på kva konsekvensar det har for vår måte å tenkje, kommunisere og handla retorisk. I utforskinga av tilhøvet mellom sjanger, medium, teknologi og retorikk vil MEVI203 kvart semester fordjupe seg i eit eller fleire emne. Emna varierer frå år til år. Det kan for eksempel være reklame, dokumentarfilm, politisk talekunst, pressefoto, internett, spill, underhaldning, fjernsynsdebatt, eller bruken av presentasjonsprogram (som PowerPoint og Keynote).
Godkjend seminaroppgåve og ¿deltaking. Godkjend pensumtest.
Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.