Emner: MEVI254 Manusutvikling og spesialisering - Høst 2017




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

I dette emnet får alle studentane opplæring og rettleiing i manusutvikling. Kvar student spesialiserer seg dessutan i ein fagfunksjon (regi, foto, lyd, klipp eller produsent). I grupper skal dei produsera ein kortfilm (fiksjon eller dokumentar). Emnet skal gi studentane analytisk kunnskap om dramaturgiske konvensjonar og verkemiddel, og dei skal læra å nytta det dei har lært i arbeidet med eige manus. Emnet skal gi innsikt i produksjonsprosessen for kortfilm, og utvikla studentane sine praktiske ferdigheiter innanfor deira fagfunksjon.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MEVI106/INFOMEVI106 og MEVI153

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i film & tv-produksjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, workshops og rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriving av manus under rettleiing.

Deltaking på workshops innan fagspesialisering (regi, foto, lys, klipp eller produsent). Deltaking på produksjon av kortfilm.

Vurderingsformer

Studentane blir evaluerte på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervisning/øvingar samt på grunnlag av innsatsen på kortfilmen.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

15 sp overlapp med MEVI253

15 sp overlapp med MEVI167

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap