Emner: MEVI371 Nyhetsbruk, nettmedier og demokrati: praktisk forskningsseminar - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Uregelrett

Mål og innhald

Som borgarar ventast vi å ha kunnskap om samfunnet, slik at vi kan gjere informerte val ved urnene kvart anna år. Både grunnlova, og norsk mediepolitikk meir spesifikt legg ein slik norm til grunn. Det gjer også i dominerande grad medieforsking, som undersøkjer bruk av nyheitsmedia si tyding for borgarane. Men bryr mediebrukarane seg om dette idealet? Og i kva grad bør det reviderast i ein digital og fragmentert mediekvardag?

 

Målet med dette emnet er å svare på desse spørsmåla. Målet skal oppnåast gjennom ein kombinasjon av to element. For det fyrste ein kritisk diskusjon av klassisk og ny forsking på nyheitsbruk, og dens normative grunnlag. Dette omfattar teoretiske perspektiv på medborgarskap, men og studiar av ikkje-bruk, såkalla ¿nyheitsunnvik¿ og fråkopling. Særleg merksemd rettast mot sosiale media. For det andre gjennomføring av eit forskingsprosjekt der studentane med innovative metodar undersøkjer nyheitsbruk gjennom nettmedia. Prosjektet gjennomførast i grupper under rettleiing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Bachelor i medievitskap eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

MEVI102, MEVI221 og MEVI222

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved masterprogrammet i medievitskap. Etter søknad innan 15/1 (når emnet vert undervist om våren) og 15/8 (når emnet vert undervist om hausten), kan studentar ved andre masterprogram få tilgang til emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar og prosjektarbeid i grupper under rettleiing. Ca. 16-20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon av pensumtekst, samt skriftlig samandrag av same tekst. I tillegg skriftleg kommentar til medstudent sitt samandrag.

Deltaking i prosjektarbeid i grupper.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

Alle vurderingsdeler må avlegges samme semester. Ved stryk i en eller flere vurderingsdeler må alle deler tas på nytt ved et eventuelt nytt vurderingsforsøk.

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Vurderingssemester

Undervisningssemester

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart tredje år.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: mailto:Studierettleiar@media.uib.noStudierettleiar@media.uib.no

Tlf 55 58 91 00