Norsk
Målet med emnet er å gi ein teoretisk og praktisk introduksjon til interaksjonsdesign og programmering og demonstrere relevansen for desse for mediefeltet.
Emnet dekker tre område, fordelt på tre modular:
Modul 1: Introduksjon til sentrale metodar og teoriar for interaksjonsdesign, med særleg fokus på brukarorienterte perspektiv knytt til mediebruk og -produksjon.
Modul 2: Introduksjon til programmering . På denne modulen følgjer studentane førelesningane på INFO132, men har si eigen labgruppe.
Modul 3: Interaksjon med moderne medieteknologi. Studentane får grunnleggjande trening i kamera og mikrofon samt programvare for medieproduksjon, inkludert ei forståing for den interaksjonen som desse teknologiane tilbyr.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Det er obligatorisk deltaking i workshops og lab-undervisning.
Studenten må levere obligatoriske programmeringsøvingar i lab.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Institutt for informasjons- og medievitskap