Emner: MOL200 Metabolisme; reaksjoner, regulering og kompartmentalisering - Vår 2017
Undervisningsspråk
Norsk, engelsk for felles førelesingar med MOL301 Biomolekyl.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi forståing av prinsipp for regulering av metabolske vegar i celler og organ
Innhald:
Emnet gir ein introduksjon til transport over membranar og signalomforming, eigenskap til protein og enzym og sukker og lipid biokjemi. Det vert vektlagd å gi ei djupare forståing for bioenergi og sentrale metabolske vegar. Organspesifikk metabolisme vert behandla gjennom utvalde eksempel, der det endokrine system vert særskilt omhandla.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Kan gjere greie for basale prinsipp for folding av protein og korleis enzym verkar.
- Kan skildre struktur til membranar, vegar for transport og prinsipp for signalomforming.
- Kan skildre prinsipp for bioenergetikk i metabolske vegar
- Kan gjere greie for sentrale metabolske vegar for omsetting av aminosyrer, karbohydrat og lipid og korleis desse vert regulert
- Kan gjere greie for basale prinsipp i endokrin regulering av metabolismen
- kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi
Ferdigheiter
Studenten
- Beherskar bruk av viktige omgrep innan bioenergetikk og metabolisme
- kan finne, vurdere og henvise til faglitteratur og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling om metabolisme
Generell kompetanse
Studenten
- Kan formidle vitskapeleg litteratur gjennom vitskapleg skriving og munnleg presentasjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MOL100 og KJEM100 eller KJEM110 eller tilsvarande. Kunnskap i organisk kjemi, KJEM130 eller tilsvarande, er sterkt tilrådd.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei to første kollokvia er obligatoriske. Skriftleg semesteroppgåve (tel 20 % av karakteren). Munnleg presentasjon av semesteroppgåva. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestre).
Vurderingsformer
Semesteroppgåve (20%) og skriftleg eksamen, 4 timar (80%).
Tillatne hjelpemiddel: Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
MOL301: 5 sp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no