Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er kjent med naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
- skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
- kan gjere greie for kva kjenneteikn naturfag har som skulefag og samanhengen mellom skulefaget og vitskapsfaget
- skal kjenne til ulike arbeidsmåtar som kan nyttast i naturfag, og korleis desse kan bidra til læring
Ferdigheiter
Studenten kan
- analysere læreplanar i naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
- leggje til rette for varierte arbeidsmåtar som bidrar til læring og at elevane får erfaring med eit breitt spekter av naturfaget
- utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse
- nytte innsikt i naturvitskaplege tenke- og arbeidsmåtar til å legga til rette for opplæring i utforskande arbeidsmåtar og kritisk tenking.
Generell kompetanse
Studenten kan
- motivere elevar og skape interesse for naturfag
- kan nytte forskingsbasert kunnskap saman med eigne erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i naturfag
- kan definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd