Emner: NOFI108 Unormaliserte norrøne tekster - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk, svensk og engelsk kan òg bli brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Haustsemesteret

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvikle evna til å lese norrøne tekstar over eit vidare spekter og med større vanskegrad enn på NOFI101.

På NOFI108 er tekstane i unormalisert ortografi, og dei er i både gammalislandsk og gammalnorsk språkform. I tillegg til øving i tekstlesing og tekstkommentar gjev emnet ei grunnleggjande innføring i handskriftskunnskap og filologisk forskingsmetode.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI108

- har grunnleggjande kunnskap om dei norrøne primærkjeldene og korleis ein kan få tilgang til desse i ulike typar av utgåver og i fysiske og digitale arkiv

- har grunnleggjande kunnskap om filologisk forskingsmetode

- har innsikt i variasjonsrikdommen i den norrøne ortografien

- har innsikt i regionale skilnader i norrønt språk ¿ for det første skiljet mellom gammalnorsk og gammalislandsk, og for det andre skilnaden mellom dei gammalnorske dialektane

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan finne fram til norrøne primærkjelder i eigna utgåver og arkiv

- kan lese norrøne tekstar i unormalisert ortografi

- kan normalisere norrøne tekstar i unormalisert ortografi

- kan analysere og kommentere unormaliserte norrøne tekstar med tanke på regionale skilnader

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan setje seg inn i mellomalderkjelder med variabel ortografi

- kan knyte unormaliserte tekstar i andre, nærliggjande språk til grammatiske og leksikografiske standardar i dei aktuelle språka

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NOFI101

Studiepoengsreduksjon

NOFI108 overlappar fullstendig med delar av det tidlegare emnet NOFI102, slik at den som har emnet NOFI102, kan ikkje få poengutteljing også for NOFI108.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning. Undervisninga blir gjeven i den første tredjeparten av semesteret.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt..

2) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to oppgåver om eit fagleg tema på kurset, t.d. oppgåver der ein normaliserer unormalisert tekst og kommenterer dette arbeidet. Kvar oppgåve bør vere på om lag 3 sider (6000 teikn inkl. mellomrom). Oppgåvene må vere innleverte innan utgangen av den siste undervisningsveka. Oppgåvene i mappa blir vekta likt (50/50).

Studenten kan skrive mappeoppgåvene på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A - F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum:

A. Primærlitteratur

1. Unormalisert gammalnorsk tekst: om lag 15 sider.

2. Unormalisert gammalislandsk tekst: om lag 15 sider.

B. Sekundærlitteratur

1. Handskrifts- og arkivkunnskap, t.d. kap. 1 av Jon Gunnar Jørgensen i Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, Bergen: Fagbokforlaget (2013).

2. Tekstkritikk og tekstfilologi, t.d. kap. 2 av Odd Einar Haugen i Handbok i norrøn filologi.

3. Eldre norsk og islandsk språk med vekt på fonologi og morfologi, t.d. kap. 12 av Jan Ragnar Hagland i Handbok i norrøn filologi.

Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no