Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI109
- har grunnleggjande kunnskap om eddadiktinga, både gudedikt og heltedikt, og om både eldre og yngre skaldedikting
- har grunnleggjande kunnskap om metrikken i både edda- og skaldediktinga
- har grundig kunnskap om to eddadikt i original språkform
- har grundig kunnskap om ti strofer i dróttkvætt i original språkform.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kommentere og analysere eit utval eddadikt og skaldestrofer i original språkform
- kan kommentere og analysere metrikken i ukjende eddadikt og skaldestrofer
- kan forklare bruken av heiti og kenningar i skaldediktinga
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan setje seg inn i mellomalderkjelder med variabel ortografi
- kan sjå samanhengen mellom det fonologiske og det ortografiske nivået i eit språk
Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning.
Undervisninga blir gjeven i den andre tredjeparten av semesteret.
Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt.
2) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Munnleg eksamen, utan bruk av hjelpemiddel.
Den munnlege eksamenen blir normalt halden i veka etter at undervisninga er over.
Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.
Pensum:
A. Primærlitteratur
1. Eddadikt: to eddadikt på til saman minst 80 strofer.
2. Skaldedikt: 10 strofer i dróttkvætt, t.d. det utvalet som står i kap. 7 av Else Mundal i Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, Bergen: Fagbokforlaget (2013).
B. Sekundærlitteratur
1. Ei innføring i edda- og skaldedikt, t.d. kap. 7 i Handbok i norrøn filologi.
2. Eit utval kommentarar til edda- og skaldedikt.
Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: