Emner: NOFI110 Norrøn skriftkultur - Høst 2017




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk, svensk og engelsk kan òg bli brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Haustsemesteret

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvikle evna til å lese norrøne tekstar i kjeldenær form, dvs. i fotografisk faksimile av handskrifter, diplom og runeinnskrifter.

Til grunn for dette emnet ligg eit studium av det latinske alfabetet i norrøne handskrifter og diplom (paleografi) og det yngre runealfabetet i norrøne innskrifter (runologi). Emnet gjev ei innføring i transkripsjon av begge alfabeta og dessutan translitterering av innskrifter i runealfabetet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI110

- har grunnleggjande kunnskap om utviklinga av den norrøne skrifta i det latinske alfabetet og forkortingssystemet i denne

- har god kunnskap om eit utval gammalnorske og gammalislandske tekstar i fotografisk faksimile

- har god kunnskap om eit utval av norske runeinnskrifter frå mellomalderen (1050¿1350)

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan transkribere tekst frå fotografiske faksimilar av handskrifter i det latinske alfabetet

- kan løyse opp forkortingar i handskriftene

- kan transkribere og translittere runeinnskrifter som ikkje er særskilt skadde eller vanskelege å lese

- kan normalisere og omsetje eit utval av handskriftstekstar og runeinnskrifter

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan kjenne igjen og analysere paleografiske trekk i tekstar i det latinske alfabetet også på andre mellomalderspråk

- kan arbeide med tekstar også på andre språk i runealfabetet

- kan arbeide med transkripsjonsoppgåver allment, og er kjent med generelle problem med translitterering frå eitt alfabet til eit anna

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NOFI101 og NOFI108

Studiepoengsreduksjon

NOFI110 overlappar fullstendig med delar av det tidlegare emnet NOFI102, slik at den som har emnet NOFI102, kan ikkje få poengutteljing også for NOFI110.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning.

Undervisninga blir gjeven i den siste tredjeparten av semesteret.

Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt..

2) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen på fire timar.

Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Det er høve til å bruke norrøn ordbok og norrøn grammatikk under eksamen. Studenten må sjølv ta med ordbok og grammatikk.

Utanlandske studentar kan dessutan bruke ordbok til og frå deira eige språk til moderne norsk, og frå moderne norsk til deira eige språk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A - F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum:

A. Primærlitteratur

1. Gammalnorsk tekst i faksimile: om lag 3 sider i handskriftsfotografi eller det utvalet av norske faksimilar som står i kap. 4 av Odd Einar Haugen i Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, Bergen: Fagbokforlaget (2013).

2. Gammalislandsk tekst i faksimile: om lag 3 sider i handskriftsfotografi eller det utvalet av islandske faksimilar som står i kap. 4 i Handbok i norrøn filologi.

3. Yngre runer: 10 innskrifter, t.d. frå det utvalet som står i kap. 3 av Karin Fjellhammer Seim i Handbok i norrøn filologi.

B. Sekundærlitteratur

1. Paleografi, t.d. kap. 4 i Handbok i norrøn filologi.

2. Runologi, særleg yngre runer, t.d. kap. 3 i Handbok i norrøn filologi.

Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no