Emner: NORMAU643 Norsk fagdidaktikk for master i undervisning - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukt.

Undervisningssemester

Haust. Tredje semester i Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.

Undervisningsstad

Bergen, Internett.

Mål og innhald

Emnet har som målsetjing å gi studentane eit fagleg grunnlag for den fagdidaktiske masteroppgåva og ei innføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor desse hovudområde:

 

Læringsutbyte

Studentane skal:

 

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

I tillegg til opptakskrava i sjølve studiet byggjer undervisninga på 200-nivået i nordisk språk og litteratur som her er dekt av emna NORMAU641 og NORMAU 642.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i undervisning med fordjuping i norsk ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til ein kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her , kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekkjer til.

Det vert tre samlingar à to dagar i løpet av semesteret. I tillegg kjem om lag 24 timar nettbasert arbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

 

For å kunne gå opp til eksamen i norsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av dei obligatoriske aktivitetane går fram av semesterplanen.

 

Rettleiing på semesteroppgåva er obligatorisk.

Vurderingsformer

Eksamensforma er rettleidd semesteroppgåve med oppgjeve tema, og oppgåva skal leverast innan tre veker etter at oppgåveteksten er utdelt. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Nærare retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet.

Studenten vel målform for semesteroppgåva sjølv.

Rett og god språkføring vert vektlagd.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet. Pensumlista kan justerast av studenten om det er ønskjeleg. Dersom studenten endrar pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert fastsett av instituttet, og ho må godkjennast av den emneansvarlege.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no