Emner: NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

 

Undervisningssemester

Haustsemesteret 

 

Undervisningsstad

Bergen

 

Mål og innhald

Temaa på emnet er (1) norrønt språk og moderne færøysk og islandsk, (2) språkhistorie, (3) fonetikk og fonologi, (4) dialektologi og (5) sosiolingvistikk.

 

Emnet skal saman med NOSP102 gje studentane eit felles utgangspunkt som dannar grunnstammen i det språklege nordiskstudiet, og som er naudsynt for norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som utøver yrke der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.

 

Fonologi. Emnet skal gje ei grunnleggjande innføring i korleis vi lagar språklydar (artikulatorisk fonetikk), og moderne norsk lydstruktur (fonologi). Lydsystemet ligg i botnen av språkstrukturen, og fonologisk innsikt er viktig for fleire delar av språkstudiet, ikkje minst språkhistorie og dialektologi.

 

Norrønt språk og moderne færøysk og islandsk. Emnet skal gje ei innføring i norrønt språk, dvs. det norske og islandske språket i tida 700-1350. Studiet av norrønt skal gje kunnskap om viktige trekk ved fonologi (lydlære) og grammatikk og knyte desse til moderne norsk språkstruktur. Norrønt er originalspråket for den omfattande norrøne litteraturen, og lesing av ein kort prosatekst i normalisert språkform vil stå sentralt. Det skal òg lesast ein kort og enkel prosatekst på kvart av språka færøysk og islandsk. I tilknyting til desse gjer ein seg kjend med dei mest sentrale draga ved uttalen og grammatiske likskapar og skilnader i høve til norrønt og moderne norsk.

 

Språkhistorie. Emnet skal gje studentane kunnskap om korleis norsk (og i nokon grad dei andre nordiske språka) har utvikla seg frå urnordisk til moderne tid.

 

Talemål. Emnet skal gje kunnskap om viktige trekk ved den nordiske dialektsituasjonen (med hovudvekt på norske tilhøve), den geografiske utbreiinga av språkdrag og den historiske og sosiale bakgrunnen for dei. Eit utval norske målføreprøver skal studerast både fonologisk og grammatisk.

 

Sosiolingvistikk. Studiet skal gje innsikt i sentrale sosiolingvistiske tema, som talemålsvariasjon, språkkontakt, språkleg identitet og språkhaldningar. Disiplinen skal skape forståing av språket som samfunnsfenomen og tilhøvet mellom språksamfunn og språkbrukar, og til språkhistoria.

 

Det vert lagt stor vekt på samanhengane mellom dei ulike delane av emnet.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

- gjere greie for grunnleggjande artikulatorisk fonetikk og hovudtrekk ved moderne norsk fonologi

- grunnleggjande bruk av IPA (det internasjonale fonetiske alfabetet) for norsk

- lese og omsetje kjend norrøn prosatekst med hjelp av ordbok

- gjere greie for hovudtrekk i norrøn fonologi og grammatikk

- gjere greie for dei mest sentrale draga ved færøysk og islandsk uttale og grammatikk og grammatiske skilnader og likskapar i høve til norrønt og moderne norsk

- gjere greie for sentrale trekk ved språkhistorie og moderne dialektar

- trekkje linjer frå norrønt språk til moderne norsk

- bruke kunnskapane til å analysere og kommentere språkleg materiale i form av kjende norrøne og vestnordiske tekstar og dialektprøver

- drøfte ulike synsmåtar og analysemåtar i tilknyting til temaa i emnet

- gjere greie for sentrale trekk ved sosial språkleg variasjon og sosiolingvistisk teori

- trekkje linjer mellom dei ulike temaa i emnet

- skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd grunnlag.

 

Studiepoengsreduksjon

Studentar som har avlagt eksamen i NOFI101 Innføring i norrønt språk eller NOFI111 Norrønt språk, legg opp eit alternativt pensum i emnet. Instituttet fastset dette pensumet. Det vert ikkje gjeve undervisning i det.

 

Studentar som kombinerer NOSP103 med NOSP101 Grunnemne i nordisk språk, får ein studiepoengsreduksjon på 5 studiepoeng. Studentar som kombinerer NOSP103 med temaet Talemål frå NOSP110 Lite valemne i nordisk språk eller NOSP120 Stort valemne i nordisk språk, får ein reduksjon på 5 studiepoeng.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: om lag 52 timar.

Oppgåveseminar: om lag 52 timar for studenten, med lærar til stades om lag halve tida.

Nynorskseminar: om lag 12 timar for studenten, med lærar til stades om lag halve tid. Dette seminaret er primært retta mot studentar som ikkje har teke NOSP102 før, men er ope for alle.

 

Dersom talet på deltakande studentar på seminara vert høgt, kan det verte aktuelt å opprette fleire grupper, avhengig av tilgjengelege lærarressursar.

 

Skriftleg tilbakemelding på obligatorisk innleveringsoppgåve.

Det er venta at studentane er til stades på undervisninga, og dette ligg til grunn når ein organiserer undervisninga og lagar eksamensoppgåver.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei kort innleveringsoppgåve på nynorsk. Oppgåvesvaret skal ikkje vere lengre enn 350 ord. Dersom studenten ikkje har levert eit tilstrekkeleg godt svar, må oppgåva leverast på nytt i klart betra stand.

 

Den obligatoriske oppgåva er gyldig i eitt semester etter det semesteret ho vart gjennomført.

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 6 timar. Eksamenen skal skrivast på nynorsk.

 

Det er høve til å ta eksamen i vårsemesteret dersom obligatoriske arbeidskrav er innfridde i det føregåande haustsemesteret.

 

Norrøn ordbok og norrønt bøyingsskjema er tillatne hjelpemiddel på den skriftlege prøva.

 

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.

 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no