Grunnstammen i emnet er normalt utvalde tema frå moderne norsk grammatikk (morfologi og/eller syntaks). Men eldre norsk, språkhistorie og dei andre nordiske språka høyrer òg naturleg med og vil utgjere delar av varierande storleik.
Semantiske tema inngår som del av grammatikken og kan vere ein sjølvstendig del av emnet. Aktuelle tema kan t.d. vere biletleg språk og leksikalsk semantikk.
Andre tema som høyrer naturleg saman med grammatiske og semantiske tema, vil vere representerte i varierande grad. Det kan dreie seg om tekstlingvistikk, informasjonsstruktur, stilistikk, (morfo-)fonologi, leksikografi o.a.
Emnet byggjer på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på bachelornivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til både dei språklege fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.
Ein kandidat som har fullført emnet, skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten
- har brei kunnskap om sentral grammatisk og semantisk teori, særleg anvendt på nordiske språk
Ferdigheiter:
Kandidaten
- kan greie ut om, analysere og drøfte grammatiske og semantiske fenomen i nordiske språk og teoretiske tilnærmingar til dei
- kan gjennomføre språklege undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan tileigne seg ny kunnskap
- kan formidle faglege innsikter
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Sjå UHL § 3-10.
Undervisninga utgjer om lag 26 timar og vil hovudsakleg ha førelesingsform, men dels òg seminarform. Undervisninga kan ordnast som dobbeltimar gjennom semesteret eller vere noko meir konsentrert i delar av semesteret. Studentane er forventa å delta i diskusjonar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Skuleeksamen på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.
Målforma på eksamenen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: