Emner: NOSP255 Nordisk: Grammatikk og semantikk med bacheloroppgave - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Grunnstammen i emnet er normalt utvalde tema frå moderne norsk grammatikk (morfologi og/eller syntaks). Men eldre norsk, språkhistorie og dei andre nordiske språka høyrer òg naturleg med og vil utgjere delar av varierande storleik.

 

Semantiske tema inngår som del av grammatikken og kan vere ein sjølvstendig del av emnet. Aktuelle tema kan t.d. vere biletleg språk og leksikalsk semantikk.

 

Andre tema som høyrer naturleg saman med grammatiske og semantiske tema, vil vere representerte i varierande grad. Det kan dreie seg om tekstlingvistikk, informasjonsstruktur, stilistikk, (morfo-)fonologi, leksikografi o.a.

 

Emnet byggjer på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på bachelornivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til både dei språklege fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har fullført emnet, skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

- har brei kunnskap om sentral grammatisk og semantisk teori, særleg anvendt på nordiske språk

 

Ferdigheiter:

Kandidaten

- kan greie ut om, analysere og drøfte grammatiske og semantiske fenomen i nordiske språk og teoretiske tilnærmingar til dei

- kan gjennomføre språklege undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei i form av ein vitskapleg tekst

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

- kan tileigne seg ny kunnskap

- kan formidle faglege innsikter

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

NOSP225, NOSP255 og NOSP325 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt emne.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er felles med NOSP225/325.

 

Undervisninga utgjer om lag 26 timar og vil hovudsakleg ha førelesingsform, men dels òg seminarform. Undervisninga kan ordnast som dobbeltimar gjennom semesteret eller vere noko meir konsentrert i delar av semesteret. Studentane er forventa å delta i diskusjonar.

 

Rettleiing på bacheloroppgåve.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til rettleiing der ein formulerer og får godkjent tema og problemstilling for bacheloroppgåva.

 

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva og motta rettleiing på det. Krav til utkastet vert kunngjorde på Mitt UiB.

 

Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve og skuleeksamen på to timar. Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang.

 

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

 

Skuleeksamenen er ein breiddetest med fleire deloppgåver.

 

Ingen andre hjelpemiddel er tillatne på skuleeksamenen enn slike som vert lagde ved eksamensteksten.

 

Det vert sett separate karakterar på bacheloroppgåva og skuleeksamenen. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel bacheloroppgåva 60 % og skuleeksamenen 40 %.

 

Målforma på bacheloroppgåva og skuleeksamenen er den same og vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no