Norsk eller engelsk
Haust (1.semester)
Emnet skal gje ein introduksjon og basis til viktige generelle førehald som er knytt til yrket som klinisk ernæringsfysiolog:
Helsevesenets oppbygging, relevante lover og forskrifter, nasjonale og internasjonale foreiningar for klinisk ernæring, evidensbasert praksis og metodar for vurdering av kosthald.
Relevante sjukdomsmekanismar: Inflammasjon, traume, reparative prosesser, tumorbiologi, miljøskadar, svolt & underernæring, intoleranse og allergi for mat.
Ernæring hos sjuke; "Screening" av ernæringsstatus, kost og kosthald på sjukehus, spesielle kosthald, kosttilskot, enteral ernæring, parenteral ernæring.
Studentane skal tileigne seg kunnskap om generelle tilhøve som er relevante for kliniske ernæringsfysiologar, korleis helsevesenet er bygd opp, relevante lover og forskrifter og evidensbasert praksis. Dei skal og tileigne seg kunnskap om ernæring av sjuke og relevante sjukdomsmekanismar.
Læringskrav
Studenten skal etter gjennomført undervisning, ha lært seg sjølvstendig evne til å vurdere overordna regelverk som regulerer seinare utøving av yrket. Kjennskap til viktige sjukdomsmekanismar. Studenten skal kunne foreta ein sjølvstendig evaluering av ernæringsstatus og utarbeide tiltak for å betre denne og redusere seinare risiko for sjukdom.
Bachelorprogram i human ernæring.
Førelesningar, kliniske demonstrasjonar, pasientintervju, gruppearbeid
- Aktuelle kapittel i Krause´s Food and the Nutrition Care Process, Elsevier, 13th ed
-Aktuelle kapittel i Manual of Dietetic Practice, Wiley Blackwell, 5th ed
- Kosthåndboken, Helsedirektoratet 2012
- Screeningverktøyet «God ernæringspraksis»
- Artiklar frå tidsskrift
- Abstrakt eller kopi av førelesningar vil bli lagt ut på studentportalen
- Regelverk