Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten ..
*viser kunnskap om skulen som organisasjon og samspelet mellom dei ulike aktørane i og omkring organisasjonen
*viser kunnskap om skulen som samfunnsinstitusjon, måla for denne og føresetnader for at dei kan bli nådde
*viser kunnskap om føresetnader for at ungdom med ulik bakgrunn kan oppleve vekst og utvikling i skulen
*viser kunnskap om ulike yrkesetiske perspektiv i lærarprofesjonen og korleis desse vert uttrykt i styringsdokument for skulen
*viser kunnskap om ulike måtar å undersøke opplæring, utvikling og deltaking i klasserommet, ved bruk av spørjeskjema
Ferdigheiter:
Studenten ..
*drøfter problemstillingar knytt til danning, medborgarskap og bærekraft i lys av praksis og faglitteratur
*uttrykkjer og grunngjer ulike profesjonsetiske standpunkt
*nytter informasjon frå ulike typar spørjeskjema til å drøfte undervisning og læring
Generell kompetanse:
Studenten ..
* deltar i ein fagleg diskusjon knytt til skulen si rolle i samfunnet
*har ein kritisk undersøkande haldning til utøving av lærarprofesjonen
Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara. Studentane skal i løpet av semesteret utarbeide ein skriftleg framstilling av arbeidet med praksiserfaringar. Kvar student har tilbod om ein time individuell rettleiing frå seminarleiar.
Følgjande aktivitetar er obligatoriske:
Ein skriftleg presentasjon knytt til arbeid med praksiserfaringar
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Munnleg eksamen
Studierettleiar kan kontaktast her:
Tlf 55 58 27 10