Emner: RELV103L Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanningen - Høst 2017




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

Kunnskap om opphav, utvikling og variasjon innanfor hinduismen og buddhismen, innsikt i sentrale idear, omgrep og ritar innanfor desse religionane, samt om deira gjensidige påverknader og brytningar og deira samspel med kulturen elles.

Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innanfor studiet av desse religionane, samt om grunnleggjande forskingsperspektiv og -omgrep.

Ferdigheiter

Evne til å setje seg inn i eit variert tekstmateriale på både norsk og engelsk, kunne behandle og vurdere informasjon kritisk, analysere fagstoff og dra eigne slutningar, samt evne til å kunne skrive ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse

Røynsle med å kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt med å tolke og presentere informasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør studenten derfor ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

RELV103

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning skjer normalt i form av 7-10 forelesingar à to timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på tre timar.

Eksamen vert avvikla i kvart semester. Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakter vert gjeve etter gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 400 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no