Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
Fordjupa kunnskap om teoretiske tilnærmingar og aktuelle teoretiske diskusjonar innanfor religionsvitskapen i ulike vitskapelege publiseringsformer (tidsskrift, bøker, podcast).
Ferdigheiter
Evne til å forstå og diskutera teoretiske spørsmålstillingar og teoretiske resonnement. Evne til å skrive tekster i ulike akademiske sjangrar (bokmelding, kommentar, essay). Er kjend med vitskapeleg publisering, informasjonssøk, bruk av kjelder, kjeldekritikk, sitering og etikk.
Generell kompetanse
Fordjupa og sjølvstendig akademisk lesing og skriving. Fordjupa røynsle med å planleggje og gjennomføre skriftlege arbeid av ein bestemt sjanger og omfang innanfor oppgitte tidsfristar.
1. Øving som går ut på kvar veke å skrive korte samandrag eller kommentarar på 150¿250 ord til ein episode frå religiousstudiesproject.com (skal leverast på Mitt UiB kvar fredag innan kl. 12, veke 36-48). Minstekrav er 8 innleveringar.
2. Omtale av teoribruk i ei sjølvvald masteroppgåve (om lag 800 ord).
3. Oppsummeringar av to sjølvvalde artiklar frå minst to ulike religionsvitskapelege tidskrift (400 ord kvar).
Tekstene leverast på Mitt UiB til oppgitte fristar.
Alle obligatoriske aktiviteter må vere godkjende i eit og same undervisnings-semester. Dersom ei innlevering ikkje vert godkjend, kan ho leverast inn ein gong til.
I tråd med emnet si satsing på jamleg skriving og meistring av ulike sjangrar, består eksamen av fleire delar som strekker seg over heile semesteret:
1. Semesteroppgåve om eit sjølvvald tema (3 000 ord) 50 %
2. Kritisk omtale av ei pensumbok (1 000 ord) 30 %
3. Oppsummeringar av to oppgitte artiklar frå religionsvitskapelege tidskrift (400 ord kvar) 20 % (= 2x10 %)
Semesteroppgåva tel 50 prosent av samla karakter i emnet. Bokomtala tel 30 prosent og artikkeloppsummeringane tel 20 prosent.
Alle eksamensdelar må vere greidde i eitt og same undervisningssemester.
Eksamen vert berre gjennomført i undervisningssemesteret.