Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
- inngåande kunnskapar om buddhismen og jainismen i Sør-Asia med spesiell vekt på endringar i nyare tid
- inngåande kunnskapar om framveksten av ulike tolkingar av buddhismen og jainismen i Sør-Asia i moderne tid, om buddhismen som ein religiøs og politisk identitet i Sør-Asia og om vestlege fortolkingstradisjonar av desse religionane
Ferdigheiter
- evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar
- evne til å skriva ein resonnerande tekst
- erfaring med å formidla informasjon,teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten skal kunna kommunisera om problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor dette kunnskapsfeltet.