Emner: SANT150 Akademisk skriving, metode og teori: antropologiske tilnærmingar - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Haust

 

Mål og innhald

Emnet er samansett av tre hovudkomponentar, som saman tar sikte på å 1) gje studenten eit generelt oversyn over samfunnsvitskaplege tankemåtar og metodar, 2) auke studenten si mestring av akademisk skriving og lesing, og 3) innføra studenten i sentrale antropologiske tematikkar, metodiske tradisjonar og fagspesifikke formidlingsformar. Emnet er satt saman med tanke på å utfylla SANT100 http://www.uib.no/nb/emne/SANT100 Invitasjon til sosialantropologi, og ein rår studenten difor til å ta desse emna parallelt.

 

Den første bolken gjev eit kort overblikk over samfunnsfaga si historie og ei innføring i nokre sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkemåtar. Bolken formidlar kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.

 

Den andre bolken gjev ei innføring i stilistiske og skrivetekniske særtrekk ved samfunnsfagleg akademisk skriving gjennom tekstanalyse og skrivetrening. Studenten lærar å tolka og utforma ein akademisk tekst i samhøve med disiplinære normer for fagleg form og innhald, med eit særleg fokus på sosialantropologiske tekstar. Det blir lagt vekt på å læra studenten å identifisera og trekkja ut dei faglege argumenta i ein tekst.

 

Den tredje bolken er førebuande til substansemna SANT102-SANT105. Det blir lagt vekt på sosial organisasjon, ervervsmåtar og humanøkologi, samt sosial differensiering, ideologi og trusformar. Bolken er monografibasert med det føremål å gje studenten ei heilskapleg forståing av forholdet mellom det antropologiske feltet, antropologisk metode, antropologisk kunnskapsproduksjon og tekstleg framstilling. På denne måten utfyllar dei tre bolkane innanfor emnet kvarandre, samstundes som studenten blir gjeven ei innføring i sentrale antropologiske tematikkar, teoretiske retningar og analytiske tenkemåtar.

 

Dei kunnskapar og den praksisøvinga som kurset gir, kan brukast på alle fag ved Det samfunnsvitskapelige fakultet.

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar og arbeidsseminar samt kommentarar til arbeid med skriftlige oppgåver via Internett.

2 timer førelesing per veke

2 timer arbeidsseminar per veke, med forsterka seminararbeid under del 2) av kurset

12 veker undervisning

Ca. 24 timar førelesing totalt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på minimum fem av seks skriveseminar og obligatorisk innlevering av ein tekst (max. 1000 ord) under praksisdelen av bolk to (Akademisk skriving og lesing). I tillegg er det obligatorisk innlevering av oppgåve på 1500 ord (+/- 10 prosent) halvvegs ut i semesteret. Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen, og godkjende aktivitetar på emnet er gyldige i dei seks påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Fagleg overlapp og fem poengs reduksjon for studentar som tidlegare har tatt SV100.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Heimeside: http://www.uib.no/antro/

Institutt

Institutt for sosialantropologi