Emner: SPANDI111 Fagdidaktikk i spansk for lektorutdanningen 3 - Vår 2017
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Spansk og norsk
Undervisningssemester
Haust. 7. semester i lektorutdanning for studentar som tek faget som fag II.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet spansk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:
- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
- Tilretteleggjing for læring
Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå og saman med djupare fagkunnskap, pedagogikk og praksis leggje grunnlag for reflektert undervising i spanskfaget i skolen. Emnet skal medverka til at studentane utviklar ein faglæraridentitet der dei tar heile sin faglege basiskompetanse i språk, kultur og litteratur i bruk som ressurs i undervisinga.
Læringsutbyte
Etter å ha studert emnet skal studentane:- ha innsikt i korleis spanskfagleg kunnskap kan utviklast på ulike måtar i høve til ulike elevgrupper, på ulike nivå og ulike skuleslag
- ha innsikt i språk, tekst og sjanger og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
- ha innsikt i spansk som danningsfag og dugleiksfag
- kunne lage undervisingsopplegg der arbeidsformer, arbeidsmateriale og innhald er knytte til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i spanskfaget
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet
Krav til forkunnskapar
PEDA111 samt minimum 55 studiepoeng i spansk på 100-nivå inkludert 5 studiepoeng spansk fagdidaktikk.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp til lektorutdanning ved UiB
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Forelesing: Totalt 12 timar fordelt på seks veker.
Seminar: 2 timar
Om det meldar seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september/1. februar, sidan emnet har midtsemestereksamen i vårsemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisingsopplegg og drøftar dette i lys av fagdidaktisk teori.
Vurderingsformer
Vurderinga skjer på grunnlag av ein heimeeksamen (7 dagar) på om lag 2500 ord over eit oppgjeve emne.
Retningsliner for heimeeksamen vert gitt i studiet.
Heimeeksamen skal skrivast på spansk.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum utgjer om lag 350 sider. Vanskegrada er tilpassa nivået på emnet
Emneevaluering
Undervisinga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no