Emner: SPED100 Innføring i spesialpedagogikk - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målsetjinga for emnet er å gje ei brei innføring i det spesialpedagogiske fagfeltet og gje studentane kunnskap om og forståing for spesialpedagogikken sitt virkeområde.

Det blir fokusert på å gje studentane innsikt i spesialpedagogikken si forankring i samfunnet og korleis dette har endra seg i eit historisk perspektiv. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om ulike tilstandar som gir læringsutfordringar. Med utgangspunkt i barnehagen og grunnopplæringa sitt mandat vil det og verta fokusert på å gje studentane innsikt i sentrale omgrep som normalisering, førebygging, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring, både på individ og systemnivå. Studentane vil også få innsikt i lovverk og sentrale styringsdokument med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet, og korleis tiltakskjeda fungerer når ein har identifisert eit spesialpedagogisk behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten ..

 

Ferdigheiter

Studenten ..

 

Generell kompetanse

Studenten ..

Krav til studierett

Opptak på bachelor i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga legg vekt på studentaktive læringsformer i seminar og bruk av digitale læringsressursar. I forbindelse med semesteroppgåva vert det gitt rettleiing, inkludert tilbakemelding frå rettleiar på problemstilling og eit tekstutkast, samt at studentane gir tilbakemelding til kvarandre. I tillegg vert det gitt tematiske førelesningar som dekkjer dei mest sentrale delane av emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av eit til to tekstutkast og tilbakemeldingar til to medstudentar på tekstutkast.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.no

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10