Emner: SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emne har som målsetjing å gje ei generell innføring i observasjon, kartlegging, vurdering og tiltak i tilknyting til barn og unge med særskilde behov. Vidare er det ei målsetting at studentane gjennom spesialpedagogisk praksis skal få kjennskap til korleis observasjon, kartlegging, vurdering og tiltak blir nytta og gjennomført i barnehage og skule. Fokusområde vil i all hovudsak være retta mot språkutvikling og åtferd.

 

Emnet vil gje studentane ei grunnleggjande forståing av omgrep som inkludering, normalitet og avvik. Dette er naudsynt for å kunne vurdere relevans og kvalitet i aktuelt kartleggingsmateriell og testar som blir nytta i spesialpedagogisk praksis, samt kunne observere, vurdere og drøfte etiske dilemma i tilknyting til bruk av ulikt kartleggingsmateriale.

Vidare vil ei forståing av kartlegging, observasjon, vurdering og tiltak i eit individ- og systemperspektiv vere grunnleggjande å ha kjennskap til. I den samanhengen vil det bli sett fokus på korleis ein kan utforme spørsmål og oppgåver for å utøve heilskaplege observasjonar, vurderingar og tiltak for barn og unge med særskilte behov.

Emne legg også vekt på at studentane skal få kunnskap om betydinga av tidleg innsats og korleis tiltakskjeda fungerer når ein har identifisert eit spesialpedagogisk behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten ...

 

Ferdigheiter

 

 

Generell kompetanse

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei mest sentrale emna vert dekka gjennom temaførelesingar og seminar.

Praksis, til saman 50 timar som inkluderer for- og etterarbeid. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Individuell munnleg eksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.no

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10