Emner: SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset har som målsetjing å gje ei innføring i konstruksjon og kvalitetssikring av ein test for å måle eit psykologisk eller pedagogisk fenomen på ein påliteleg måte, og vil gje ei innføring i emne som ulike formelle og uformelle tilnærmingar til kartlegging; testutvikling; korleis ein undersøkjer, etterprøver, standardiserer og normerer ein testprosedyre. Vidare vil ein gjennom praksis observere, prøve og så drøfte korleis testar og kartleggingsprosedyrar kan nyttast i diagnostisk arbeid med born og vaksne innanfor psykologisk og pedagogisk praksis, og drøfte etiske dilemma i tilknyting til testbruk. Det vil verta lagt vekt på å utvikla studenten si evne til å vurdere sterke og svake sider ved ulike testar som vert nytta i logopedisk, men òg i pedagogisk-psykologisk verksemd.

 

Arbeidsreiskap for dette arbeidet er statistikk og metodelære, og grunnleggjande forståing for statistiske fenomen som sentraltendensar, spreiing og korrelasjonar er naudsynt for å kunne vurdera testprosedyrar sin reliabilitet, validitet og klinisk nytteverdi. Vidare vil ei forståing for betydinga av systematiske observasjonar i forhold til observasjon av tilfeldige hendingar vere viktig for å vurdera om det ein ser er innanfor det ei kan kalle ei normal variasjon, eller om det er ei avvikande observasjon. Ulike formelle og uformelle kartleggingsprosedyrar vil verte gjennomgått og prøvd ut, og det vert sett fokus på korleis ein kan utforme spørsmål og oppgåver for å utarbeide pålitelege kartleggingsprosedyrar. Klassisk testteori og «item response theory» vil vere sentrale utgangspunkt for diskusjonane. Evne til etiske refleksjonar rundt testing og kartegging vil vere viktig.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten ...

 

Ferdigheiter

Studenten ...

 

Generell kompetanse

Studenten ...

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Problembasert læring utgjer ei viktig del av arbeidsforma i kurset, og deltakinga i PBL-grupper er obligatorisk.

Dei mest sentrale emna vert dekkja gjennom temaførelesingar.

Verkstad for innføring i spesifikke kartleggingsprosedyrar. Refleksjonsnotat skal inngå i portefølje.

Praksis, til saman 50 timar:

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Individuell munnleg eksamen med utgangspunkt i porteføljen studenten har levert under obligatoriske aktivitetar

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Av di kurset er basert på problembasert læring, må studentane også pårekna å sjølve finne fram til og kvalitetsvurdera naudsynt litteratur som kan brukast til å underbyggje løysing av dei aktuelle problema som inngår i kurset gjennom litteratursøk og bruk av biblioteket.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:Studierettleiar.psyfa@uib.noStudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10