Emner: SPLA117 Spansk grammatikk II - Høst 2017
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Spansk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet omfattar ei grundig innføring i spansk syntaks og fonetikk, samt fordjuping i spansk grammatikk, med vekt på spanskamerikanske variantar av språket. Emnet byggjer på SPLA107.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Kandidaten
- har solid fagleg og praktisk kunnskap om setningsanalyse, spansk grammatikk og fonetikk.
Dugleik:
Kandidaten
- har ei god forståing av ulike variantar i spansk språk.
- har evne til å vidareutvikla faglege kunnskapar til å kunne identifisera desse variantane.
Grunnkompetanse:
Kandidaten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført SPLA107 og EXFAC00SK Språk og Kommunikasjon.
Studiepoengsreduksjon
SPLA105 (10 stp), SLAN640 (10 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga i grammatikk blir gitt i form av førelesingar/ seminar to timar i veka i åtte veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum og i oppgåveløysing. Praktiske øvingar i grammatikk er knytte opp til førelesingane.
Undervisninga i fonetikk blir gitt i form av førelesingar/seminar to timar i veka i åtte veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum. Praktiske øvingar i fonetikk er knytte opp til førelesingane.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ei obligatoriske oppgåve om utvalde tema frå pensum. Denne må utførast innan fristen for aktiviteten. Oppgåva vurderast til godkjent/ikkje godkjent.
I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein avsluttande skuleeksamen på 4 timar som vert skriven på spansk. Eksamen er digital.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/Vår
Litteraturliste
Pensum er i hovudsak utvalde delar av ein grammatikk.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no