Emner: SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Spansk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Studiet gir innsyn i to til tre ulike emne som gjeld kultur og samfunn i Latin-Amerika. Kva emne ein vel å fordjupa seg i, vil verta fastlagt av emneansvarleg og vil variera frå år til år.

Studentane skal vinna kunnskap om nokre sentrale tema og problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar. Dei skal analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar. I tillegg skal dei utvikla evna til å skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg.

Læringsutbyte

 Kunnskap:

Kandidaten

Dugleik:

Kandidaten

Grunnkompetanse:

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført SPLA109.

Studiepoengsreduksjon

 SPLA104 (10 stp), SPLA123H (10 stp), SLAN613 (10 stp)

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga er basert på førelesingar, gruppeundervisning og konversasjon, og legg derfor til grunn at studentane tar aktivt del i undervisningstilbodet. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i åtte veker og gruppeundervisning to timar i veka i åtte veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ha ein munnleg presentasjon på 5 minuttar og ein kunnskapstest på 1 time i løpet av semesteret. Begge deler vert gjennomført i samband med undervisninga, og studentane vil tidleg i semesteret få melding om kva datoar som er aktuelle. Vurderingsforma for arbeida er godkjent/ikkje godkjent.

Studentane skal i tillegg møta til ei obligatorisk rettleiing i samband med skrivinga av semesteroppgåva. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende for å kunna levera semesteroppgåve.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ei rettleidd semesteroppgåve på 2000-2500 ord skriven på spansk. Studentane kan velja tema for oppgåva frå ei liste utarbeidd av emneansvarleg. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum (om lag 400 sider) kan vera sett saman av oversynsverk, artiklar og anna fagstoff, og vil variera etter kva tema kurset fokuserer på.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon