Emner: SPLA311 Teori og metode i spansk lingvistikk - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningsspråk

Spansk 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal innehalda minst fire av fylgjande komponentar:

- Spansk språk som studiemål (innleiing)

- Metodar i spansk dialektologi

- Metodar i spansk sosiolingvistikk

- Spansk i kontakt med andre språk

- Spansk språk og kultur

- Nye trendar innan spansk lingvistikk

- Korpuslingvistikk

- Munnleg språk

 

Arbeidet med diverse metodar innanfor spansk lingvistikk skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne spansk språkvitskap.

Analyse av arbeid skrivne om spansk språkvitskap (spanske dialektar, lingvistiske atlas, sosiolingvistikk, etnolingvistikk, språkkontakt m m) skal gje studentane eit kritisk syn og utdjuping i forskingsarbeidet med spansk språk. 

Det vert òg gjeve ei innføring i korleis ein kan skrive ei prosjektskisse, kva som kan vere aktuelle tema for masteroppgåva og om aktuelle rettleiarar. Ca to timar er sett av til dette.

Læringsutbyte

Studenten

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium ved Universitetet i Bergen. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert gjevne førelesingar og seminar i ulike språkvitskaplege disiplinar som kan nyttast i studiet av spansk, ein dobbelttime per veke i 12 veker. 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Den rettleidde oppgåva som vert omtalt under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Rettleiing per e-post vil berre bli gitt i heilt særskilte høve og etter søknad til instituttet. Fristane for innlevering av utkastet blir kunngjord i samband med seminaret.  


Det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Ca. 500 sider henta frå diverse arbeid i spansk språkvitskap frå ca. 1950 til i dag.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet. I undervisningsfrie semester gjeld opplegget frå semesteret før som standardpensum. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no