Emner: TYS100 Introduksjon til tyskstudiet - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Tysk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gje ei grunnleggjande innføring i moderne tysk språk, litteratur og kultur, og skal danne eit godt grunnlag for vidare studium i tysk, men kan også komme til nytte i andre studium og yrke.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studentane

Dugleik:

Studentane

 

Grunnkompetanse:

Studentane

er førebudd på å ta til på 100-nivået av tyskstudiet

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men det er tilrådd med førekunnskapar tilsvarande tysk nivå I eller II frå vidaregåande skule.

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande tysk nivå I eller II frå vidaregåande skule

Studiepoengsreduksjon

 TYS100H (5 studiepoeng)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.  

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet går over heile haustsemestret (12 veker) med minimum 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma er førelesingar og arbeidsseminar med varierte språklege/språkpraktiske øvingar og samtalar med utgangspunkt i øvingsoppgåver og enkle litterære tekstar og tekstar om kultur- og samfunnsliv i dei tyskspråklege områda.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisninga, dvs. 9 av 12 førelesingar for kvar disiplin.

Ein må skrive og få godkjent seks korte skriftlege øvingsoppgåver og halde ein munnleg presentasjon (à 5 min.) for å kunne ta eksamen i emnet. Studentane vel tema for presentasjonen i samråd med faglærar.

Vurderingsformer

Emnet blir avslutta med ein skriftleg eksamen på tre timar (med einspråkleg ordbok) og en munnleg eksamen i form av ein samtale (15 min.) med utgangspunkt i eit førebudd tema. Ved fastsetjing av karakteren tel den skriftlege eksamenen 60%, den munnlege eksamenen 40%. Begge delane må vere greidde i same semesteret. Den skriftlege eksamenen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det blir nytta innførande læreverk i tysk språk, litteratur og kultur og dessutan undervisningsmateriell som blir utdelt i samband med undervisninga.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon