Bachelor
Tysk
Haust
Bergen
Emnet består av grammatiske tema som dekkjer viktige område innan tysk grammatikk (omfang og nivå skal tilsvare framstillinga i ein noko større grammatikk), praktisk språktrening og ei innføring i språkleg variasjon i det tyskspråklege området.
Kunnskap:
Studenten
Dugleik:
Studenten
Grunnkompetanse:
Studenten
Pga. emnet sitt fokus på kontrastive aspekt føreset ein kjennskap til norsk språk.
Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS111 eller tilsvarande.
Emnet er ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i framandspråk ved UiB og studentar som har fått opptak gjennom samarbeidsavtale med Høgskulane i UH-nett Vest.
- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane.
- Tre dobbeltimar forelesning/seminar + ein dobbeltime gruppeundervisning
- 10 veker
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisninga.
I løpet av semesteret skal det skrivast 2 øvingsoppgåver i tilknyting til undervisninga som må vere leverte innan innleveringsfristen for den enkelte oppgåva og som må godkjennast av faglærar før studenten kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet. Dei 2 øvingsoppgåvene skal skrivast i same semesteret.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen (med einspråkleg ordbok). Eksamen kan bli digital.
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og språkleg variasjon i tysk (jf. Læringsutbyte/resultat).
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
studieveileder@if.uib.no