Bachelor
Tysk
Haust
Bergen
Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå ca. 1750 fram til i dag og ei innføring i litterær analyse med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).
Kunnskap:
Studenten:
Dugleik:
Studenten:
Grunnkompetanse:
Studenten:
Ingen
Emnet er ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i framandspråk ved UiB og studentar som har fått opptak gjennom samarbeidsavtale med Høgskulane i UH-nett Vest.
- Undervisninga skjer i form av forelesningar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane.
- To eller 3 dobbeltimar
- 8 veker
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er oppmøteplikt til 75 % av undervisninga.
I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve på inntil 500 ord og haldast minst ein kort munnleg presentasjon.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen (om lag 1000 ord) og ein munnleg eksamen (ca. 15 minutt). Heimeeksamenen kan bygge vidare på øvingsoppgåva, og den munnlege eksamenen kan bygge vidare på den munnlege presentasjonen og vere ein presentasjon på om lag 10 minutt. På den munnlege eksamenen blir det òg stilt spørsmål om heimeeksamen og pensum elles.
Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret. Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50 % og munnleg eksamen 50 %.
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litterær analyse og i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.