Studieprogram: BAHF-ARAB Bachelorprogram i arabisk - Vår 2018




Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i arabisk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på arabiskemna er normalt norsk eller engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Arabisk er det offisielle språket og/eller morsmålet til majoriteten av befolkninga i 23 land. Språket blir talt av meir enn 200 millionar menneske i Midtausten og Nord-Afrika. I tillegg har om lag like mange menneske arabisk som andrespråk, og dessutan er arabisk det liturgiske språket til meir enn ein milliard muslimar. I mellomalderen var arabisk berar av ein av dei rikaste vitskaplege og litterære kulturane i verda og er framleis eit særs viktig språk både i religiøs og kulturell samanheng, òg når det gjeld politikk og økonomi. Arabisk er dessutan eitt av de seks offisielle språka i FN, og i Noreg utgjer arabisktalande ein av dei største språklege minoritetane.

Arabisk høyrer til den semittiske språkfamilien, til liks med til dømes hebraisk og amharisk, nasjonalspråket i Etiopia. Moderne standardarabisk, som ein vektlegg i undervisninga, er ikkje morsmålet til nokon, men eit skriftspråk som arabarane må læra i tillegg til sine lokale dialektar. Standard skriftleg arabisk er felles for alle utdanna arabarar, utan omsyn til nasjonalitet og vert ofte brukt som talemål i formelle situasjonar. Språket har endra seg lite i løpet av dei 1400 åra som har gått sidan profeten Muhammad levde. Språket i Koranen og det moderne avisspråket er i hovudtrekk det same. Dei dialektane som blir talte, har derimot store ulikskapar.

På 100-nivået er målet hovudsakleg å utvikla dugleiken i det moderne skriftspråket, men samstundes tek ein på dette nivået sikte på å gi ein passiv grunnkompetanse i ein arabisk dialekt. Det vil seie at studentane skal skaffa seg hovudlinene i moderne arabisk grammatikk og uttale, oppnå ein viss lese- og skrivedugleik, akseptabelt ordforråd og kunna føra ein enkel samtale på språket, anten standardarabisk eller dialekt. Me ventar at studentane òg gjer seg kjende med den vitskaplege terminologien og omgrepsapparatet i faget.

På 200-nivået er målsetjinga å utvida studentane sin kjennskap til morfologi, syntaks og ordforråd slik at dei kan lesa tekstar som er skrivne på klassisk og moderne standardarabisk, og gi ein grammatikalsk analyse av dei. Dette grunnlaget, kombinert med ein del sjølvstudium og eit opphald i eit arabisktalande land, skal kunna gi studentane eit brukande godt språkkunnskapsnivå i arabisk, slik at dei kan bruka språket sjølvstendig til ulike formål og i ulike høve.

I tråd med denne målsetjinga, tilrår ein sterkt eit studieopphald i eit arabisktalande land.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:
Kandidaten

 

Dugleikar/ferdigheiter:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Arabisk er eit tidkrevjande språk å læra i høve til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftssystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

For å kunna gjennomføra eit studium i arabisk må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det er ikkje naudsynt med forkunnskapar i arabisk, men det er ein føremon om studentar har kjennskap til den arabiske verda og/eller språkvitskap.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i arabisk inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne og er sett saman av:

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

I tillegg til dei 20 studiepoenga med innføringsemne, rår ein studentane til å velje ARA100 Innføringskurs i arabisk språk og kultur det første semesteret.

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i arabisk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalda inntil 20 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), i tillegg til 90 studiepoeng med spesialisering i arabisk. Dei siste 70 studiepoenga er frie, men det er sterkt tilrådd å ta ARA100 i første semester.

Studiet startar normalt med dei tre emna ARA100, EXPHIL og EXFAC00SK i det første semesteret. (Legg merke til at for bachelorprogrammet i arabisk vil ARA100, Innføringskurs i arabisk språk og kultur, erstatta EXFAC00AS, Akademisk skriving).

Emna ARA111, ARA112, ARA113, ARA115, ARA211 og ARA252 inngår i spesialiseringa. ARA252 møter kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jamfør Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. ARA252 Arabisk språk og samfunn kan likevel skiftast ut, etter søknad, med ARA254. For fleire detaljar, sjå emneplanen for ARA252. For å oppnå spesialisering i arabisk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet koma i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i arabisk. Slik utveksling vil normalt ikkje bli godkjent på 200-nivå.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i arabisk har 70 frie studiepoeng, inkludert ARA100. Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ein tilrår studenten å ta emne innan midtaustenkunnskap, lingvistikk eller delstudium i utlandet som frie studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

Førstesemesterstudiet ex.phil., ex.fac. og ARA100 (30 sp)

2. semester (V):

ARA111 Grunnkurs i moderne standardarabisk (15 sp)
Frie studiepoeng (HIM101 er tilrådd)

3. semester (H):

ARA112 Grunnkurs i moderne standardarabisk II (15 sp)
Frie studiepoeng (KUVI103, RELV102 eller SANT104 er tilrådd) eller ARA115

4. semester (V):

ARA113 Grunnkurs i moderne standardarabisk III (15 sp)
Frie studiepoeng (15 sp)

5. semester (H):

ARA115 Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi (15 sp)
ARA211 Tekststudier i moderne standardarabisk (15 sp)
Eller delstudium i utland (30 sp)

6. semester (V):

ARA252 Arabisk språk og samfunn (15 sp)
Frie studiepoeng (15 sp)

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Emna må godkjennast på førehand av UiB.

I bachelorprogram i arabisk er det tilrådd at studentar tek delstudium i eit arabisktalande land i femte semester som kan godkjennast som frie studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Emna inneheld normalt ulike komponentar med felles førelesingar og/eller seminar og undervisning i grupper. Desse omfattar opplæring i arabisk grammatikk, tekstgjennomgang av pensum bygd på klassiske og moderne arabiske tekstar, samt omsetjingsøvingar frå norsk eller engelsk til arabisk. På 100-nivået blir ulike munnlege øvingar gitt, inkludert høgtlesing, svar på spørsmål og enkel samtale i gitte tema.

Fagmiljøet tek aktivt del i internasjonaliseringsprosessen på universitetet, og mesteparten av undervisninga i eit gitt emne kan vera på engelsk. Det kan skje om utvekslingsstudentar eller andre utanlandske studentar er med i undervisninga. Skriftlege øvingar, andre oppgåver og eksamen (der ikkje arabisk skal brukast) skal alltid skrivast på anten norsk eller engelsk.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved skoleeksamen, munnleg eksamen og rettleidd oppgåve. Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F, der F er stryk
  2. Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Master i arabisk ved Universitetet i Bergen er vedtatt nedlagt frå hausten 2018. Kontakt UiO for informasjon om deira master i Asia- og Midtøsten-studier.

Relevans for arbeidsliv

På grunn av den viktige rolla som arabisk spelar på det politiske og økonomiske området i dag, kan det vera interessant å kombinera dette språkfaget med fag som i seg sjølv opnar for ulike yrke. Arabisk kan med fordel kombinerast med til dømes handelsfag og marknadsføring, informasjonsvitskap, samanliknande politikk, offentleg administrasjon, jus, utviklingsstudium, mediefag eller journalistikk. Arabisk blir ofte kombinert med fag som historie, religionsvitskap, filosofi, midtaustenkunnskap, sosialantropologi, kunsthistorie, lingvistikk og andre språk. Språket er særskilt relevant for norskopplæring for framandspråklege, omsetjing og tolking, integreringsarbeid, helsesektoren, grunnskolelærarar i arabisk som valfag, utanrikstenesta og politiet med meir.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

ikkje relevant.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistisk fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@if.uib.no

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn du på emneplanen for kvart einskild emne.

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.