Studieprogram: BAHF-ITAL Bachelorprogram i italiensk - Høst 2018




Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i italiensk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på italienskemna er italiensk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudium i italiensk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i italiensk språk og italienskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein tileigne seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg italiensk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet. Studentane skal på bachelornivå dessutan skaffe seg ein viss kjennskap til italiensk språk- og litteraturvitskap og til italienske kulturtilhøve i vid tyding.I italienskstudiet heng språk- og litteraturstudia nøye saman.
Italiensk, som høyrer til dei romanske språka og altså går attende til latin, vert tala av oppunder 60 millionar menneske. Det er nasjonalspråk i Italia, og italiensk er eitt av dei fire offisielle språka i Sveits, der særleg kantonen Ticino er italienskspråkleg. Italiensk er berar av ein særs rik kultur som gjennom tidene har gjeve djuptgripande impulsar til resten av Europa og verda i det heile. I vår tid spelar Italia ei sentral rolle så vel kulturelt som politisk og økonomisk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:


Kunnskapar:

Kandidaten

Ferdigheiter:

Kandidaten

a) grammatikk

b) semantikk, pragmatikk, dialektologi, eller omsetjingsteori

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i italiensk som svarar til høgste nivå frå vidaregåande skole, ITAL001 Innføring i italiensk språk, ITAL100 Innføring i italienskstudium eller tilsvarande.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i italiensk inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne og er sett saman av:

Examen facultatum inneber eit val mellom emna Språk og kommunikasjon og Tekst og kultur. Emnet Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

I tillegg til dei 20 studiepoenga med innføringsemne, rår ein studentane til å velje ITAL100 - Innføring i italienskstudium det første semesteret.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i italiensk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil., ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i italiensk. Dei siste 70 studiepoenga er frie, men det er sterkt anbefalt å ta ITAL100 i første semester.

Spesialiseringa i italiensk omfattar emna ITAL111, ITAL112, ITAL113, ITAL114, ITAL201 og ITAL252.

For å oppnå spesialisering i italiensk på bachelornivå kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet kome i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i italiensk.

Spesialisering

Spesialiseringa i italiensk omfattar emna ITAL111, ITAL112, ITAL113, ITAL114, ITAL201 og ITAL252.

For å oppnå spesialisering i italiensk på bachelornivå kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet kome i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i italiensk.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i italiensk har 70 frie studiepoeng, inkludert ITAL100 Innføring i italienskstudium. Studenten kan her velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust):

Ex.phil., ex.fac. (20 stp)

ITAL100 Innføring i italienskstudium (10 stp)

2. semester (vår):

ITAL111 Italiensk språk I (15 stp)

ITAL113 Italiensk kulturkunnskap (15 stp)

3. semester (haust):

ITAL112 Italiensk litteratur (15 stp)

ITAL114 Italiensk språk II (15 stp)

4. semester (vår):

ITAL201 Italiensk grammatikk og omsetjing (15 stp)

ITAL252 Eldre italiensk litteratur (15 stp)

5. semester (haust):

Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6. semester (vår):

Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

 

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at italienskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i italiensk før ein tek fatt på 200-nivået.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådde å gjera dette på 200-nivå.

Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved rettleidd oppgåve, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i italiensk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i italiensk.

Relevans for arbeidsliv

Gode kunnskapar i italiensk språk og kultur er etterspurde innanfor næringsliv, informasjonsarbeid, media, omsetjing og kulturliv. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg. Turistnæringa er òg svært viktig for begge landa. Noreg er eit populært reisemål for italienske turistar, og potensialet for vidareutvikling er stort. Italienskstudiet, kombinert med eit anna skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning, kvalifiserer for undervisning innanfor skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Læremiddelomtale

Litteraturlista blir publisert på nettsidene innan 01.06 / 01.01 for det komande semesteret.