Bachelor i medie- og interaksjonsdesign
Haust
Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verkty, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt og knytt til interaktive løysingar og on-demand-tenestar. Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer studentane til å forstå kva brukarane trenge i slike situasjonar, og gjer dei i stand til å designe løysingar for interaksjon som gjer medieproduksjon effektivt og mediebruk brukarvennleg. Gjennom utdanninga får studentane kunnskap om interaksjonsdesign og digitale grenseflatar som sikrar inkluderande og intuitiv menneske-maskin interaksjon og positive brukaropplevingar knytt til medieproduksjon og mediebruk, inkludert web, mobile løysingar og spel.
Studiet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske, praktiske og analytiske element frå medievitskap og informasjonsvitskap. Sentrale komponentar i studiet er interaksjonsdesign, visuell kommunikasjon, designprosessar, og webprogrammering og front end-utvikling. Studiet er prega av å vere eit praktisk orientert universitetsstudium som legg vekt på sjølvstudium, refleksjon og teoretisk kompetanse samstundes som det fokuserer på utvikling av praktiske og brukarvennlege løysingar for mediefeltet.
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Dugleikar
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa.
Opptak følgjer elles vanlege reglar, jf. samordna opptak.
1.semester: MEPRO100 Teori og praksis i medieproduksjon (10 sp), MIX101 Introduksjon til medie- og interaksjonsdesign (10 stp), Examen philosophicum (10 sp)
2.semester: MIX102 Webdesign og prosjektarbeid (10 sp), INFO134 Klientprogrammering (10 sp) og INFO262 Interaksjonsdesign (10 sp)
3.semester: MIX201 Design for medieproduksjon (30 sp)
4.semester: MIX202 Design for mediebruk (30 sp)
5.semester: Frie studiepoeng/utveksling (30 sp)
6.semester: MIX250 Bacheloroppgåve (30 sp)
Undervisinga vil normalt vere satt saman av førelesingar, workshops, rettleiing, praksis, teknisk opplæring og labarbeid i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.
Deler av praksisen er internpraksis der studentane åleine og i gruppar produserar medieorienterte interaksjonsløysingar og tilhøyrande innhald. Andre deler av praksisen vil foregå i samarbeid med praktikarar innan interaksjonsdesign og frå mediebransjen, båe gjennom praktiske workshops leda av praktikare, og gjennom utplassering i ei bedrift der praktikare tek rolla som mentor.
Dei fleste emna som inngår i studieløpet nyttar i all hovudsak mappevurdering, der kvar modul innan eit emne skal resultere i ein produksjon, ein produksjonsanalyse, eit teoretisk arbeid, eller ei kombinasjon av dei tre, som til slutt skal bli vurdert samla. Mappa skal óg inkludere eit refleksjonsnotat der studentane reflekterer over kva dei har lært av det samla arbeidet i mappa.
Studentane kan i enkelte emne bli vurderte gjennom individuelle eller gruppeutvikla oppgåver eller produksjonar. Studentane presenterer bachelorprosjekta sine munnleg.
Gruppearbeid blir vurdert på bakgrunn av individuelle oppgåver som studentane skriv med utgangspunkt i si spesialisering eller rolle i gruppa.
Karakterar ved bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign vert gitt på ein av to måtar; anten
Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.
Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medie- og interaksjonsdesign.
Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master:
MEPRO100, MIX101, MIX102, INFO134, INFO262, MIX201, MIX202, MIX250
Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Kvart emne vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år.
Programmet vert evaluert av ekstern programsensor over ein fireårsperiode.
Institutt for informasjons- og medievitskap
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet