Emner: ALLV202 Allmenn litteraturvitenskap: Litterært særemne - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ALLV202 gir studenten fordjupande innsikt i eit problemområde. Gjennom studiet får studenten ein grundig forståing av eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester

 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

 

Ferdigheiter

Studenten kan

 

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum i det litterære særområdet omfattar ca. åtte verk. Av desse skal to vere av teoretisk karakter og minst seks skal vere skjønnlitterære. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogeleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normal framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no