Emner: BIO207A Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat - Høst 2018




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår.

 

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.

 

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan næringsmiddelmikrobiologi og hygiene, med særleg vekt på tilhøve som er av relevans for sjømat. Dette målet søkjer ein å oppnå gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring ekskursjon til tilverkingsanlegg for sjømat og studentpresentasjonar. Vidare er det eit mål å gi studentane ei grunnleggjande forståing for korleis ulike mikroorganismar og parasitter, med betyding for næringsmiddeltryggleik og kvalitet, kan forureine og eventuelt vekse i ulike produktgrupper av sjømat.

Studenten skal få innsyn i kva tiltak ein kan setje i verk for å oppnå god hygienisk standard under fangst, produksjon og omsetjing av sjømat. Vidare vil en diskutere gjeldande lovverk som industri og forvaltning må halda seg til på dette området.

Det er også eit overordna mål å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gje dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

 

Læringsutbyte

Etter fullføring av emnet http://www.uib.no/emne/BIO207BIO207A, skal studenten ha fått:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MOL100, BIO100/BIO110, BIO101, BIO102, BIO104 (gamle emnerBIO111, BIO113, BIO114) KJEM 110.

Krav til studierett

Opptak til master eller bachelorprogrammet i human ernæring

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Munnlig eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

5 sp. mot MAR 255

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no