Emner: MEVI223B Visuelle medier - bacheloroppgave - Vår 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin kunnskap om estetikken i visuelle tekstar, og å utvikla evna til å nytta sentrale teoriar og analytiske perspektiv på tekstar som for eksempel klassisk og nyare Hollywoodfilm, europeisk film, alternativ eller ikkje-vestlig film, kunst- og dokumentarfilm, kontemporære tv-seriar, og dataspel. Det blir og lagt vekt på å knyta estetikken i tekstane til dei institusjonelle, teknologiske og produksjonsmessige rammevilkåra, og å sette tekstane inn i ein kulturhistorisk samanheng.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om visuelle tekstar si historie og estetikk
- har kunnskap om utvalde visuelle medium og sjangrar, slik som til dømes dokumentarfilm, TV-seriar eller dataspel
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjera kritisk vurdering av fagstoff og kjelder for å belysa medie-estetiske problemstillingar
- kan reflektera over samanhengen mellom visuelle tekstar sin estetikk og deira institusjonelle, teknologiske og produksjonsmessige rammevilkår
- kan ta del i faglege diskusjonar gjennom munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan ta i bruk sentral teoretisk kunnskap i analyse av visuelle tekstar, og framstilla dette i eit sjølvstendig skriftleg arbeid
- kan bruka bibliotek, databasar og andre informasjonskjelder for å finna relevant informasjon i tilknyting til eit prosjekt og for å halda seg fagleg oppdatert
Krav til forkunnskapar
Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og fremst MEVI103
Tilrådde forkunnskapar
Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og framst MEVI103
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, ca. 16-20 timar, og seminar, ca. 16 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend seminaroppgåve og -deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve, med eit omfang på omkring 8000 ord, under rettleiing.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
Full sperre mot MEVI223.
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart 3. år
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap